Velkommen til
Alver Høgre
Bakgrunnen din skal ikkje ha noko å seie for kva moglegheiter du har i Alver
Kjære veljar
Som ordførerkandidat for Alver Høgre, ber eg om dykkar tillit til å leie kommunen vår inn i framtida.
Me står overfor store utfordringar, med ein trang økonomi og ein skule som ikkje har utvikla seg i positiv retning. Eg trur at me saman kan utvikle Alver kommune til å bli ein endå betre kommune å bu og leva i. Me vil at skulane i Alver skal være mellom dei beste i landet. Me forventar ei positiv utvikling etter år med stillstand i Alver-skulen, og vil arbeide hardt for å sikre at elevane våre får den utdanninga dei treng for å lykkast i livet.
Næringsutvikling er også ein viktig del av vår visjon for kommunen. Me vil vere ein tilretteleggar og være ein ja-kommune, som ønskjer å leggje til rette for nye idear og samarbeid med næringslivet og andre viktige aktørar. Dette er noko mange parti seier, men Høgre har gjennom denne perioden vist at me evnar å strekke oss langt for å realisere næringslivet og innbyggjarane sine ønskje gjennom handling og vedtak.
Kultur og frivilligheit er avgjerande for å skape eit godt samfunn. Vi vil støtte opp om kulturtilboda i kommunen vår, og arbeide for å leggje til rette for at frivillige organisasjonar kan blomstre og utføre viktige oppgåver.
Me vert stadig fleire eldre, også i Alver. Det er positivt, men vil også innebære ei stor satsing frå kommunen si side. Me vil prioritere eldreomsorg og arbeide for å sikre at våre eldre innbyggjarar får den omsorga og støtta dei treng for å leve eit godt og verdig liv.
Eg vil avslutte med å seie at eg er stolt av å representere Alver Høgre, og eg lovar å arbeide hardt for å realisere våre visjonar for kommunen vår. Eg ber om dykkar tillit til å leie Alver kommune inn i ei lysare framtid.
Ingrid J. Duesund Fjeldsbø
Ordførerkandidat 2023
Ønsker du informasjon om vårt program?
Send oss et spørsmål så svarer vi deg vanligvis innen 12 timer
Konkurranse for ungdom
Er du under 25 år og har noe du brenner for? Da anbefaler vi at du deltar i vår konkurranse:
Send inn et forslag til vårt valgprogram. Det beste forslaget blir premiert med gavekort på 1000 kr. og vil komme med i vårt valgprogram for 2023.
Konkurransen gjelder til 20. mai.