Valgprogram for valget 2023

Gode samferdsleløysingar er eit av dei viktigaste tiltaka for å skape vekst og ei positiv utvikling i heile  Alver kommune. Derfor vil Alver Høgre arbeide for å ruste opp vegnettet, betra kollektivtilbodet og  sikre god infrastruktur i heile kommunen

Alver Høgre vil: 

• Framleis vera ein pådrivar for å realisere ny E39 Klauvaneset - Vågsbotn snarast. 

• Vera ein pådrivar for at ny bru i Alversund blir ein realitet.  

• Arbeide vidare med å realisere Sambandet Vest (Radøy-Holsnøy-Askøy-Øygarden). 

• Arbeide for å betre kollektivtilbodet i heile kommunen, samt mellom Alver og Bergen. 

• Arbeide for fleire ekspressbussar til og frå Bergen. 

• Arbeide for at kollektivtilbodet korresponderer betre. 

• Arbeide for eigne interne bussruter i kommunen, gjerne gjennom prøveordning med  bestillingsteneste i samsvar med prosjekt andre stader i fylket. Dette vil betra kollektivtilbodet  i distrikta. 

• Framleis vera ein pådrivar for å utvikla snøggbåtsambandet Knarvik - Frekhaug - Bergen med  fleire avgangar. Tilbodet må også utvidast til helg. 

• Arbeide for ringbuss med hyppige avgangar på strekninga Frekhaug – Knarvik – Alversund.

• Arbeide for tilstrekkeleg kapasitet på innfartsparkeringar langs kollektivtrasear. Dei må vera tilrettelagt for bil, sykkel og lading av el-bil.  

• Utbetre og vedlikehalde kommunale vegar. 

• Syte for trafikksikring av kommunale vegar. 

• Sikra at alle born har ein trygg skuleveg. 

• Arbeide for parallell utbygging av veg, gang- og sykkelveg og teknisk infrastruktur.


For Høgre er det viktig at kommunen vert styrt på ein trygg måte. Kommunestyret er kommunen sitt  øvste styrande organ, og må setje klare politiske mål for styring og utvikling av kommunen. Gjennom god leiing og økonomistyring sikrar ein gode og stabile kommunale tenester til  innbyggjarane i heile kommunen.  

Alver Høgre vil: 

• At Alver kommune skal vera ein «JA-kommune» og møte innbyggjarane med ei positiv  haldning. 

• Syte for ei god økonomisk styring utan eigedomsskatt på hus og hytter. 

• Ferdigstille kommuneplanen sin arealdel tidleg i valperioden.  

• Arbeide for å forankre og å nå FN sine berekraftsmål i lokale planar.  

• Arbeide for raskare sakshandsaming. 

• At kommunen skal vera ein god og attraktiv arbeidsgjevar. 

• Legge til rette for at seniorar kan delta lenger i arbeidslivet.  

• Arbeide for at brukarane skal ha eit kontaktpunkt innanfor dei ulike sektorane i kommunen.  

• Arbeide for at kommunen nyttar brukarvennleg og effektiv kommunikasjon. 

• At det regelmessig skal gjennomførast uavhengige brukarundersøkingar for å måle kvalitet i  dei ulike tenesteområda.  

• At kommunen sine beredskapsplanar skal vidareutviklast i tråd med samfunnsutviklinga, og at  innbyggjarane skal få god informasjon rundt kommunal beredskap. 


Klima og miljøutfordringane krev internasjonal, nasjonal og lokal innsats. Betre ressursnytting kan gje store gevinstar for miljøet, økonomien og samfunnet elles. 

Alver Høgre vil: 

• Ha ein klimastrategi med konkrete forslag til utsleppskutt i kommunen. 

• Legge til rette for grøne næringar. 

• Prioritere tiltak som har størst mogleg reduksjon i klimagassutslepp per brukte krone. 

• Stille krav om redusert matsvinn i kommunale tenester. 

• Legge til rette for sykkelparkeringar ved offentlege verksemder. 

• Syte for at det blir etablert fleire ladestasjonar for elbil. 

• Stille tydelege miljøkrav i samband med kommunale innkjøp og anbod. 

• Legge til rette for at grøne og blå område i kommunen er tilgjengeleg for alle. 

• Vera restriktiv til vindmøller i urørt natur på land. 

• Legge til rette for parkeringsplassar for bildelingstenester. 

• Vera positiv til utbygging av solceller/solfangarar på kommunale og private bygg.


I ei tid med minkande barnetal og aukande gjennomsnittsalder er det viktig at kommunen trekk til seg  unge og barnefamiliar.  Alver Høgre meiner gode barnehagar, skular og skulefritidsordning (SFO) er ein  føresetnad for å vera ein attraktiv bu- og arbeidskommune, og ein attraktiv kommune for  næringsetablering.  

Alle born skal ha ein trygg og god oppvekst, uavhengig av kor ein bur. Vi meiner at  foreldre og born skal kunne velje den barnehagen eller skulen dei sjølv meiner er best etter innhald  og kvalitet, uavhengig av eigarskap. 

Barnehagar 

Barnehagane i Alver er blant landets beste med høg fagleg kvalitet og svært nøgde foreldre. Vi  anerkjenner barnehagane som første ledd i utdanningsrekka. Alver Høgre skal vera ein garantist for at  kvaliteten oppretthaldast og for at born og vaksne sjølv kan kunne velje mellom offentlege eller  private barnehagetilbod.

Framtidsvisse rammevilkår for barnehagane er ein føresetnad for eit variert tilbod og for å føre vidare barnehagar i distrikta. Dette sikrar ein best med eit årleg teljetidspunkt, men med ein forpliktande  avtale med barnehagane om opptak av born heile året. 

Ledig kapasitet i barnehagane gjer kommunen attraktiv både å busette seg i, arbeida i og etablere  næringsverksemd i. Moglegheita til å få barnehageplass når ein treng det er ein kvalitet for  innbyggjarar og nyleg innflytta utan at det er ein kostnad for kommunen.  

Ein god og trygg skule 

Høgre skal arbeide for at skulane i Alver skal vera bland dei beste skulane i landet og at dei bør  organiserast slik at dei gjev høgast mogleg kvalitet for alle born. Skulane bør vurderast etter fagleg  innhald, kvalitet og foreldretilfredsheit, ikkje eigarskap. Alver Høgre vil arbeida for at born og vaksne  sjølv kan velje kva skule dei vil gå på.  

Opplæringa må vera bygd rundt kvar enkelt elev, og kommunen som skuleeigar må legge til rette for  eit godt og variert læringsmiljø. Vi meiner at skulen skal målast på bruk av ny lærarplan, utvikling og  evne til å nytte beste praksis.  

To-lærarsystem i norsk, mattematikk og engelsk, tidleg innsats, dyktige og kvalifiserte lærarar og ei  god skulehelseteneste er viktige verkemiddel for ein god skule. Kartlegging av eleven, læring og trivsel  er viktig for å betre undervisninga og elevens skulekvardag. Kunnskap gjev moglegheiter for alle. 

Alver Høgre vil:  

• At alle elever skal ha ein trygg og mobbefri skule. 

• At strukturane i oppvekstsektoren skal vera effektive, moderne og fagleg forankra. Det legg  grunnlag for god kvalitet i undervisninga og god og tidleg innsats for dei som treng hjelp. 

• Legge til rette for tilpassa undervisning til dei som ligg framfor læringsmåla og som treng  ekstra utfordringar. 

• Styrke tiltak som sikrar god overgang mellom barnehage - barneskule, barneskule - ungdomsskule og ungdomsskule - vidaregåande skule. 

• Legge til rette for auka bruk av digitale verktøy i skulen. 

• Arbeide for at fleire som treng det får tilpassa undervisning gjennom praktisk arbeid, gjerne i  samarbeid med næringslivet. 

• Betre nytta samarbeidet med foreldre i FAU som frivillige ressursar i tiltak for å betre  skulemiljøet. 

• Styrke etter- og vidareutdanninga for tilsette i skulen. 

• Satse meir på tidleg innsats frå 1. til 4. klasse, med prioritering på lesing, skriving og rekning 

• Styrke tilsette sin kunnskap på å fange opp signal om psykiske vanskar hjå barn og ungdom.  

• Styrke skulehelsetenesta. 

• Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle eit godt vidaregåande skuletilbod i Nordhordland. 

• Ha ei positiv innstilling til private skular som ønskjer å etablera seg i kommunen. 

• Snarast realisere ny ungdomsskule på Frekhaug. 

• Arbeide videre for ny Eikanger skule og ny barneskule på Manger.

Høgre ønskjer ein levande kommune med stor aktivitet i bygdene. Det må vera enkelt å sette i gang  private initiativ for å skape gode opplevingar, og det må vera enkelt å delta. Alver Høgre vil arbeide  for eit breitt kultur- og idrettstilbod i heile kommunen.  

Frivilligheit 

Frivilligheita står sterkt i Alver. Det frivillige kulturlivet er eit samlingspunkt for mange, og ein  føresetnad for aktivitetar og arrangement i kommunen. Kvar dag legg menneskjer ned ein fantastisk  innsats for at born, unge og vaksne skal kunne nyte godt av kultur- og idrettstilbod. Høgre ønskjer å  bygge vidare på denne tradisjonen. Det skal vera attraktivt å vera frivillig i Alver. Høgre skal vera ein  pådrivar for å leggje til rette for auka frivilligheit i alle delar av kommunen.  

Alver Høgre vil: 

• Gjera kommunale lokale tilgjengelege for frivillige lag og organisasjonar når kommunen ikkje  bruker dei. 

• Sikra at NAV og helsetenestene informerer om frivillige tilbod til innbyggjarar som ønskjer å  bli inkludert i sosiale aktivitetar. 

• Samarbeide med frivillige organisasjonar for å skape gode aktivitetstilbod i eldreomsorga. 

• Leggje til rette for samarbeid mellom kommunen og frivillige organisasjonar, gjennom aktiv  dialog og medverknad. 

Kultur 

Alver Høgre ønsker eit kulturtilbod som famnar breitt og er tilgjengeleg for alle innbyggjarane i  kommunen. Høgre vil arbeide for å få nye, kulturelle arrangement til kommunen, og å vera ein  tilretteleggjar og ein samarbeidspartnar for dei som ønskjer å etablere kulturarrangement. I tillegg  skal vi ta vare på og støtte opp under eksisterande tilbod. Dette bidreg til å skape trygge lokalsamfunn  med gode og varierte moglegheiter for aktivitetar.  

Alver Høgre vil: 

• Leggje til rette for ulike aktivitetar for alle aldersgrupper i heile kommunen. 

• Styrke satsinga på kulturskulen. 

• Sikra at Alver kommune framleis skal vera Noregs beste korpskommune. 

• Prioritera å støtte lag og organisasjonar med tilbod til born og unge økonomisk. 

• Leggje til rette for at menneskjer med funksjonsnedsetting kan delta i kultur- fritids- og  friluftsaktivitetar. 

• Fortsette satsinga på biblioteka si rolle som viktig samfunnsaktør i kommunen.  

• Stille offentlege areal og lokale til disposisjon for arrangement som famnar eit breitt publikum. 

• Støtte opp om det profesjonelle kulturlivet i kommunen. 

• Sikra at seremoniar som arrangement bryllaup, gravferd, konfirmasjon og dåp er tilgjengeleg  for alle innbyggjarane i kommunen.  

• Etablera namna minnelund i kommunen.

• Leggje til rette for møteplassar for ungdom der ein kan treffast ute. 

Idrett 

Idrett og fysisk aktivitet har stor betyding for folkehelsa. Høgre skal vera ein aktiv bidragsytar som legg  til rette for bredde, mangfald og kvalitet i idretten. Alver Høgre vil at alle skal kunne delta i idretten  lokalt, uavhengig av økonomi eller funksjonsevne.  

Gjennom samarbeid med idrettslaga i kommunen, skal idrettstilbodet vidareutviklast og vera ein  inkluderande og god treningsarena for innbyggjarar i heile kommunen. Det er også viktig med  tilrettelagte friluftsområde som er tilgjengelege for alle.  

Alver Høgre vil: 

• Støtte prosjekt som idrettslag set i gang for å inkludere fleire barn og unge i idretten.  

• Leggje til rette for naturstiar og rekreasjonsområde.  

• Sikra at økonomi ikkje er eit hinder for at barn kan delta i idretten.  

• Styrke utlånsordningar av idrettsutstyr.  

• Styrke satsinga på symjeundervisninga i kommunen, og sikre tilstrekkeleg bassengkapasitet  for skulane.  

• Legge til rette for motorsport. 

• Samarbeide med lag og organisasjonar for å leggje til rette for e-sport. 

• Leggje til rette for opne idrettshallar med tilsyn i helgar og feriar.  

• Arbeide for å snarast realisere «Alverbadet». 

• Arbeide vidare med planar for regionalt kulturhus. 

• Leggje til rette eit tilbod til ungdommar tilsvarande «Fysak» i Bergen kommune.


Kommunen sine tilsette er den viktigaste ressursen vår. Alver kommune skal vera ein god stad å  arbeide, og vera det føretrekte val som offentleg arbeidsgjevar. 


Organisering og prinsipp 

Alver Høgre vil: 

• At kommunen skal ha ein kultur som fremjar medverknad, openheit og arbeidsglede. 

• At kommunen skal ha ei effektiv organisering med ein «flat» organisasjonsmodell. 

• At 3. partssamarbeidet skal ha eit solid fotavtrykk i vidare bygging av Alver kommune.  

• At kommunens eigne lokale fortrinnsvis blir tekne i bruk. 

• Arbeide for at kommunen skal ha ein effektiv struktur, med samlokalisering, moderne  arbeidsplassar, og at den byggjer på effektive og gode arbeidsplasskonsept. 

• At tenester som ikkje er av strategisk art eller ikkje har behov for administrativ sentral  plassering, skal leggjast til kommunen sine eigne ledige lokale.

• At alle nye stillingar skal nøye vurderast, og kommunen skal vurdere moglegheiter for  internt kapasitet. 


Nye stillingar 

Alver Høgre vil: 

• At realkompetanse og erfaring skal vera eit vurderingsgrunnlag i alle utlysingstekster. 

• At fagleg kompetanse skal vektleggjast blant kriteria for utlysinga. 

• At kommunen skal vera ein inkluderande kommune, med moglegheiter for alle. 


Løn og arbeidsvilkår 

Alver Høgre vil: 

• At det skal, så langt det er praktisk mogleg, arbeidast mot heiltidsstillingar. 

• At kommunen skal ha fokus på å redusere sjukefråvær, og jobbe aktivt med tiltak på  individnivå.  

• At lik løn for likt arbeid skal vera gjennomgåande praksis. 

• At tilsette som har vore i vikariat i meir enn 12 månadar, skal få tilbod om fast  tilsetting. Unntak kan gjerast gjeldande, dersom kommunen kan dokumentere at  behovet ikkje vil strekke seg lenger enn 1,5 år. 

• At kommunen skal ha ei restriktiv haldning til permisjonar, med hovudregel om at det  ikkje blir gitt permisjon grunna ny jobb. 

• At arbeidstøy og fottøy skal vera tilgjengeleg til tilsette i operativ teneste, og dei som  har behov for dette. Tøyet skal være profilert og gje vern mot kulde, vind og regn. 

• At det årleg blir sett av midlar i budsjett til kompetansehevande tiltak. Målgruppa vil i hovudsak vera operativt tilsette og 1. linje leiarar. Målet er å styrke kommunen sitt omdømme, innbyggjarar, næringsdrivande og andre brukarar. 

• Høgt prioritere velferdstiltak for tilsette i kommunen. 


Etikk og reglement 

Alver Høgre vil: 

• At alle varslingssaker i ein prøveperiode skal handterast eksternt, til kommunen har  opparbeida seg nok kompetanse til å handtere dette sjølv. 

• At arbeidstilsynet sine føringar for varsel skal leggjast til grunn, og alle saker skal  handterast objektivt og i tråd med forvaltningslova og arbeidsmiljølova sine bestemmingar. 

• At alle tilsette skal ha ein trygg kvardag.

Alver kommune skal vera best på nyetableringar. Både eksisterande bedrifter og bedrifter som flyttar  til kommunen. Det inneber at vi aktivt skal marknadsføre kommunen som ein attraktiv stad for å  etablere og drive næringsverksemd. 
Kommunen skal ta godt vare på eksisterande næringsliv gjennom  eit godt og nært samarbeid. Ein næringskonsulent vil vera bindeledd mellom næringsliv og kommune. 

Alver Høgre vil: 

• At kommunen skal ha dialog og tett samarbeid med lokale og sentrale næringslivsorganisasjonar.  

• Legge til rette for gode næringsareal, og særskild utnytte lokalsentra. 

• Sette fokus på effektiv og god sakshandsaming, og setje i verk tiltak for å ta ned  saksbehandlingstida. 

• Sikra god samhandling mellom administrasjon og næringsliv. 

• Gjennomføre årlege konferansar for næringslivet i regi av kommunen. 

• At det skal øyremerkast midlar til kommunalt næringsfond. Dette skal evaluerast med  tanke på best mogleg nytteverdi. 

• Bruke «Eiendomsselskapet» som eit aktivt verktøy i næringsutvikling.  

• At Alver skal vera ein «JA-kommune», der vi har fokus på moglegheiter for ei positiv  utvikling. 

• Syte for at kommunen sine arealplanar gjev moglegheit for fleksibilitet. 

• Vidareutvikle Mongstad med fleire arbeidsplassar og grøne verksemder. 

• I størst mogleg grad gjere innkjøp lokalt. 

Helse i kommunen 

Alver Høgre vil: 

• Auke kapasiteten i fastlegetenesta. 

• Sikra eit godt tilbod innan psykisk helsevern. 

• Ha gode lågterskeltilbod for barn og unge. 

• At Alver kommune skal ha ein nullvisjon for sjølvmord, vi har ingen å miste. 

• Arbeide målretta med rusførebyggjande tiltak. 

• Sikra eit godt svangerskapstilbod med god oppfølging av gravide. 

• Arbeide for eit godt tilbod innan habilitering. 

• Arbeide for etablering av røntgenteneste i Helsehuset. 

• I samarbeid med Husbanken og NAV, tilby gode bustadar og bufellesskap for unge med behov  for omsorg, pleie og tilsyn. 


Eldreomsorg 

Alver Høgre vil: 

• Leggje til rette for at eldre får fleire gode leveår der dei opprettheld god helse og livskvalitet,  meistrar eige liv og får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for den.

• At sjukeheimar ikkje berre skal vera ein opphaldsstad for behandling og pleie, men også ein  stad for aktivitet og fellesskap. 

• At eldre skal kunne ete godt, vera i aktivitet og ha det sosialt i lag med andre. 

• Sikra betre oppfølging av både dei som får helsehjelp heime og dei som bur på sjukeheim. 

• At kommunen skal tilby minst ein time aktivitet dagleg til sjukeheimsbebuarane. 

• Jobbe for gje eldre gode matopplevingar gjennom «spisevenn-ordning», og vurdere etablering av kjøkken på dei stadane eldre og pleietrengande er i omsorg. 

• Sikra gode kulturtilbod til eldre. 

• Legge til rette for at sjukeheimane kan få ei større rolle som forsamlingsstad i lokalsamfunna  sine. 

• Jobbe for eit tilbod til eldre rundt digital assistanse, f.eks. som ei heimeteneste, eller på  bibliotek og servicetorg. Eit analogt og praktisk alternativ skal alltid vera tilgjengeleg for  publikum også. 

• Skape ein aldersvennleg kommune der alle får ein verdig alderdom. 

• Regulera for bygging av seniorbustadar, med kort avstand til butikkar og andre tenester. 

• Starte planarbeidet og sikre tomtar for å bygge ut sjukeheimskapasiteten, slik at vi er rusta til  å møta framtidas kapasitetsbehov. 

• Ha fritt brukarval der dei eldre får valfridom til sjølv å bestemme kven som kjem heim til dei  for å utføre alle heimebaserte tenester. 

• Sikra gode rutinar når eldre vert skrivne ut frå sjukehus og sjukeheim, og blir overført til  heimetenesta. 

• Skape helse- og omsorgstenester på innbyggjarane sine premiss.